Meir sjømat i kantinene
Sjømatrådet og kantinekjede skal fremme meir sjømat.
Kantinene utgjer ein viktig del av nordmenns matvanar. Men fisken har lett for å bli nedprioritert. No vil Sjømatrådet snu trenden saman med Noregs største kantinekjede.
Verkemidla er kurs, opplæring og sjømatinspirasjon.
Første kurs, eller «sjømatakademi» som det blir kalla, vart nyleg gjennomført på Kulinarisk Akademi i Oslo. Her deltok kokkar, kantineleiarar, driftsleiarar og soussjefar frå ISS. Til saman representerte dei om lag 65 kantiner frå sør til nord, skriv Noregs sjømatråd på nettsidene sine.
No skal kursdeltakarane spreie den nyerverva sjømatkunnskapen sin med kollegaer over heile landet. Etter kvart skal det haldast fleire sjømatakademi andre stader i Noreg, og det er også planar om å eksportere ideen til Sverige.
– Kantinene våre skal bli betre på sjømat, og for oss har kurset gitt oss masse inspirasjon. I tillegg trur eg at fleire no kjenner seg tryggare på tillaging av sjømatretter som gjestene vil setje pris på, seier direktør Hege Sørlie i ISS.
ISS har rundt 500 spisestader, primært kantiner, over hele Noreg. Til saman lagar dei mat til om lag 150 000 menneske kvar veke.
Publisert: 25.04.2022 13:32
Sist oppdatert: 25.04.2022 13:34