Kort fortalt

Mellombels toppsjef i Linja

Marius Rosbach
26.03.2025

Atle Isaksen er konstituert som dagleg leiar i Linja frå 26. mars, ifølgje ei pressemelding frå selskapet. 

Som følgje av helseutfordringar vert Rune Kiperberg for ein periode erstatta av Isaksen. 

 Linja er mellom dei største nettselskapa i Noreg, og er resultat av ein fusjon som vart gjennomført 8. mars 2023 mellom tidlegare Linja og Mørenett. Kiperberg har vore administrerande direktør i Linja sidan fusjonen.

Publisert: 26.03.2025 15:28

Sist oppdatert: 26.03.2025 15:28

Mer om