Kort fortalt

Merka 11 makrellstørjer i år

Rekordmange makrellstørjer har vorte satellittmerkte i norske farvatn.

NPK
17.10.2022

Forskarane har no merka årets ellevte og siste kjempetunfisk. Dermed har dei merka totalt 25 makrellstørjer sidan 2020, opplyser Havforskingsinstituttet.

– I år gjekk det vegen med vêret, fiskelykka, og samarbeidet. Vi er kjempespente på kva merka har å fortelje, seier havforskar Keno Ferter på nettsidene til instituttet.

Aldri før har han og teamet merka så mange makrellstørjer.

Etter eit historisk overfiske sym stimar av den største tunfisken i verda igjen på årleg sommarbeite langs Norskekysten. Målet med merkinga er å lære meir om bestanden og vandringsmønsteret til fisken, som held til i heile Atlanterhavet.

Satellittmerka heng på størjene i eitt år før dei losnar, flyt opp og sender data heim.

– Ein del merketap må vi rekne med. Men så langt har over halvparten av merka frå 2020-2021 hengt fast på fisken gjennom eit heilt år. Det er vi veldig fornøgde med, forklarer prosjektleiar Ferter.

Forskarane er no i sluttfasen av analyse og vitskapleg publisering av dei første merkeresultata. Innsatsen er del av eit stort internasjonalt prosjekt.

Publisert: 17.10.2022 10:56

Sist oppdatert: 17.10.2022 10:58

Mer om