Middels etter rekordår for byggefirma
Hareid-firma hadde mindre arbeid i fjor.
HR Rise Bygg i Hareid hadde ein knekk nedgang i inntektene i 2022 – men lønnsemda haldt seg på nivå med året før.
Byggefirmaet hadde rekordhøg omsetning i 2020 og 2021, medan den i fjor gjekk ned (sjå tabell). Årsaka er fleire mindre prosjekt – og leiinga ventar ei auke for inneverande år, ifølgje årsrapporten.
Ordrereserven blir omtalt som «middels» og Ukraina-krigen skapar usikkerheit. Samtidig har selskapet solid økonomi med ein eigenkapitalgrad på drygt 23 prosent og ingen langsiktig gjeld. Det blei teke utbytte på fire millionar etter fjoråret, viser årsrapporten.
HS Rise Bygg AS | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 129,2 | 161,5 |
Driftsresultat | 5 | 6,1 |
Res. før skatt | 3,9 | 4,7 |
Dei siste åra har dei mellom anna bygd ny barneskule og brannstasjon i Ulsteinvik, og Horizont Næringspark i Fosnavåg. No er dei i gong med å renovere Kongsberg Maritime sitt bygg i Ulsteinvik.
Firmaet hadde 39 årsverk i arbeid i løpet av fjoråret, to meir enn året før. Dei hadde også i snitt tre lærlingar i bedrifta.
Publisert: 25.07.2023 15:06
Sist oppdatert: 25.07.2023 15:13