17 norske turmål får støtte frå tilskotsordninga Nasjonale turiststiar, for å vareta kultur- og opplevingskvalitetar, tryggleik og natur.
Av desse får Fosseråsa i Geiranger 860.000 kroner og Romsdalsegga i Rauma 350.000 kroner.
– Fleire av stiane i Noreg som har mange besøkjande og stor attraksjonsverdi, har utfordringar med slitasje på stien, søppelhandtering, sanitærforhold, tryggleik eller behov for informasjonstiltak. I år går 8,8 millionar til å løyse desse utfordringane, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.
Formålet med tilskotsordninga Nasjonale turiststiar er å vareta den gode naturopplevinga, allemannsretten, natur- og kulturkvalitetane og tryggleiken ved nokon av våre mest besøkte naturområde.
– Det at så mange vil ut i naturen, stiller ekstra krav til tilrettelegging og informasjon på dei mest populære stiane. Vi må redusere slitasje og forsøpling, og bidra til auka tryggleik. Med ordninga Nasjonale turiststiar sørgjer vi for at mange kan besøkje norsk natur utan at det går ut over naturen eller tryggleiken, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Publisert: 10.03.2023 10:16
Sist oppdatert: 10.03.2023 10:18