Kort fortalt

Midlar til trafikktrygging

Herøy får mest, ni andre får også midlar.

10.06.2021

Samferdselsutvalet har prioritert to millionar kroner til ti trafikktryggingsprosjekt i Møre og Romsdal. Prosjekta blir gjennomført som 50/50-spleiselag med kommunane.

- Desse prosjekta er viktige trafikktryggingstiltak som vil gi tryggare skulevegar, seier leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim, i ei pressemelding.

(Saka held fram under bildet)

Bergsøy skile veg
MIDLAR: Herøy kommune får 300.000 kroner med fylkeskommunen til gangfelt, belysning og fortau ved skuleområdet på Bergsøy. Foto: Kjetil Haanes

Prioritet

Kommune

Prosjekt

Totalkostnad

Tildeling frå fylkeskommunen

1

Herøy

Skuleområde Bergsøy – gangfelt, belysning og fortau

600 000

300 000

2

Aukra

Gangveg ved gamle Riksfjord skule

400 000

200 000

3

Ålesund

Veglys skuleveg-gangfelt – Volsdalsbakken

200 000

100 000

4

Gjemnes

Veglys, Bergsøya – Hamna

588 850

294 425

5

Kristiansund

Fortau v/ Frei barneskole

800 000

400 000

6

Ørsta

Veglys skuleveg – Sjøvegen og Ytrehovdevegen

609 500

304 750

7

Vestnes

Trygg skuleveg - Remmemsvegen

381 000

190 500

8

Ålesund

Veglys skuleveg, gangfelt Setrevegen

200 000

100 000

9

Ørsta

Fartsdempande tiltak skuleveg, Engesetvegen

105 000

52 500

10

Ålesund

Veglys skuleveg, gangfelt Flisnesbakken

200 000

100 000

Det er føresett at kommunane og fylket kvar dekkjer 50 prosent av nettokostnadene. Prosjekta blir gjennomført av kommunane og trafikksikringsmidlane blir tildelt når prosjekta er ferdige.

Publisert: 10.06.2021 13:14

Sist oppdatert: 10.06.2021 13:19