Kort fortalt

Mildare klima gir meir lakselus

Lakselusa vil like seg dersom sjøtemperaturen aukar.

NPK
16.08.2021

Det vil føre til høgare smittepress på både villfisk og oppdrettsfisk.

– Resultata våre viser at det kan bli vanskelegare å drive berekraftig oppdrett i eit framtidig varmare klima, seier havforskar Anne Sandvik på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Ein temperaturauke på to grader er rekna som realistisk. Dersom temperaturen i sjøen for eksempel aukar frå 9 til 11 grader, er det estimert at det vil gi ei dobling av smittepresset frå lakselus.

Sjøtemperaturen er avgjerande for kor fort lakselus utviklar seg frå egg til vaksen lus.

– Om vinteren når det er kaldt i sjøen utviklar lakselusene seg sakte. Det kan ta fleire «ekstra» veker før dei har utvikla seg frå larve til vaksen. Etter kvart som temperaturen stig utover våren og sommaren, går utviklinga stadig raskare. Lusene veks og formeirar seg altså raskare i varmt enn i kaldt vatn, forklarer Sandvik.

Publisert: 16.08.2021 16:09

Sist oppdatert: 16.08.2021 16:11

Mer om