NPK-NTB: Miljødirektoratet skal snart avgjere om eit tysk oljeselskap skal få prøvebore ved Trænarevet sør for Lofoten. Miljørørsla er klar for ny kamp.
Etter at Ap sa nei til oljeutvinning i Lofoten, har Bellona peika ut Trænarevet i Nordland som det neste stridsområdet, skriv . Området har ikkje det same vernet mot oljeverksemd som Lofoten.
– Nyheita om at ein vil tildele leiteområde nært opptil Nordland VI-området er alarmerande, seier leiar Odd Arne Sandberg i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.
Det tyske oljeselskapet Wintershall DEA har søkt om å få bore i Norskehavet utanfor kysten av Nordland, 83 kilometer sør for Røst og 50 kilometer nord for Træna. Miljødirektoratet skal etter planen komme med ei avgjerd i starten av juli.
– Vi er veldig pessimistiske. Vi vil derfor følgje denne saka heilt til døra. Området er ein del av økosystemet som er knytt til Lofoten. Det er så nært Lofoten at eit utslepp herfrå vil hamne i Vestfjordbassenget med katastrofale følgjer, seier Sigurd Enge i Bellona.
Kommunikasjonssjef Kjetil Hjertvik i Wintershall seier boreperioden på feltet er planlagt i oktober og vil ta om lag 30 dagar. Då er det lite fiskeriaktivitet og heller ikkje fisk som gyter, ifølgje Hjertvik.

Publisert: 18.06.2019 09:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34