Milliardfusjon i laksenæringa
(NPK): Havbrukskonsernet NTS varslar at dei vil slå saman NRS og Salmonor i ein transaksjon som verdset Salmonor til 8,3 milliardar kroner.
Oppgjeret skal delvis finansierast gjennom ein emisjon i NRS, Norway Royal Salmon, melder E24. Opplysingane om den varsla fusjonen kjem frå i ei børsmelding tysdag. Intensjonen om å fusjonere dei to selskapa vart først varsla av NTS i oktober i fjor.
Transaksjonen samlar alt eigarskap NTS har innanfor lakseoppdrett i NRS og skaper det sjette største lakseoppdrettsselskapet i verda, med potensial til å produsere rundt 100.000 laks i Noreg og 24.000 tonn laks på Island, heiter det i børsmeldinga.
– Vi er entusiastiske over ei samanslåing med Salmonor. Gjennom transaksjonen samlar vi no ein imponerande driftskompetanse, det viktigaste grunnlaget for vidare vekst og utvikling, og etablering av nye kompetansearbeidsplassar. Vi ser fram til å jobbe saman om å utvikle eit felles selskap framover, skriv Klaus Hatlebrekke, konsernsjef i Norway Royal Salmon, i børsmeldinga.
(©NPK)
Publisert: 11.01.2022 14:08
Sist oppdatert: 11.01.2022 14:09