Millionar til verna Vestlands-fartøy
Skal ta vare på verna og freda båtar.
(NPK): Vestland fylkeskommune har løyvd 20 millionar kroner til både å sikre og setje i stand og å drifte og forvalte verna og freda båtar.
– Med langstrekt kystline og mange og lange fjordar er Vestland naturleg nok eit fylke med ei rik maritim historie. Vi er fylket i landet med flest freda og verneverdige fartøy, og det er ei viktig oppgåve for oss som fylkeskommune å ta vare på desse flytande kulturminna, seier Stian Davies, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Når det gjeld tilskot til å sikre og setje i stand verna og freda fartøy, så varierer summane frå 200.000 kroner og oppover. Ferja Folgefonn I, eigd av Hardanger og Voss museum, får den største løyvinga på 3 millionar kroner.
– Det vart søkt om totalt 52 millionar kroner, noko som syner at det er stort behov for sikring og istandsetjing av mange fartøy. Det krev hard prioritering mellom mange gode og viktige tiltak. For å få ei betre overblikk over situasjonen ber hovudutvalet no fylkesdirektøren om ei oversikt over status på prosjekta som har søkt om midlar, seier Davies.
(©NPK)
Publisert: 23.03.2023 11:46
Sist oppdatert: 23.03.2023 11:46