Smøla-reiarlaget Ocean Fresh Food AS må betale 73 millionar kroner for ikkje å ha rapportert om fiskefangstar utanfor kysten av Mauritania. Det er første gongen politiet straffar eit reiarlag for ulovleg fangst i utanlandske farvatn.
Lovbrota skal ha skjedd over ein treårsperiode frå 2015, då produksjonsskipet Ocean Fresh dreiv fiske utanfor kysten av Mauritania, skriv næringslivsavisa E24.
Fiskeridirektoratet melde i 2017 selskapet til politiet for brot på havressurslova. Etter fullført etterforsking gav politiet i mai 2020 selskapet ei bot på 10 millionar kroner og kravde samtidig inndraging av ei omsetning på totalt 63 millionar kroner.
– Dette er så vidt vi veit første gongen Noreg som flaggstat har sanksjonert mot eit norskregistrert fartøy for manglande oppfylling av rapporteringsplikter i norsk lov medan det driv verksemd i andre lands farvatn, seier politiadvokat Kathrine Kannelønning i Vest politidistrikt til avisa.
Ocean Fresh Food har ikkje godtatt straffa og meiner rapporteringa deira til styresmaktene i Mauritania har vore tilstrekkeleg. Saka kjem derfor opp i retten i april neste år.
Publisert: 17.12.2021 16:34
Sist oppdatert: 17.12.2021 16:35