Kort fortalt

Milliondryss frå oppdrett til kommunar

Havbruksfondet får 900 millionar ekstra.

NPK
27.11.2023

(NPK): Regjeringa foreslår å auke overføringa til Havbruksfondet med om lag 900 millionar kroner, samanlikna med det opphavlege budsjettet for 2023.

Dersom Stortinget sluttar seg til forslaget frå regjeringa, vil pengane bli utbetalte i desember. 12,5 prosent av verdiane blir fordelt til fylkeskommunane og kommunane, melder NRK Vestland

Neste år blir overføringa til havbruksfondet større som følgje av den nye og omstridde lakseskatten. Regjeringspartia fekk i mai med seg Venstre og Pasientfokus på at grunnrenteskatten på havbruk skal vere på 25 prosent.

Då statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum la fram forslaget sa dei at det skal sikre lokalsamfunna langs kysten og fellesskapet ein større del av dei verdiane som blir skapte i oppdrettsnæringa.

Havbruksnæringa meiner på si side at forslaget vil øydeleggje for bedriftene.

(©NPK)

Publisert: 27.11.2023 22:40

Sist oppdatert: 27.11.2023 22:40