Kort fortalt

Millionløn til Følling

Får 1,3 millionar i varaordførarløn.

13.09.2019
Varaordførar får millionlønnID: 16651630NPK-NTB
Ein politisk hestehandel gjer at varaordføraren i nye Sunnfjord kommune blir sikra 1,3 millionar kroner i lønn.
Onsdag vart det klart at Høgres Olve Grotle blir ordførar i den nye vestlandskommunen, medan Senterpartiets Jenny Følling blir varaordførar. Men avtalen inneber samtidig at varaordføraren skal jobbe heiltid.
Det vekkjer oppsikt i den nye kommunen, sidan det i fjor vart vedtatt at varaordføraren skulle ha ei 30 prosents stilling.
Avtalen gjer at Følling kan få ei årslønn på rundt 1,3 millionar kroner. Det er like mykje som ordføraren i Sunnfjord og meir enn byrådsleiaren i Bergen, skriv .
Opposisjonen reagerer kraftig på avtalen, og ordførarkandidat Helge Robert Midtbø frå Arbeidarpartiet antydar overfor at Senterpartiet bestemte seg for å samarbeide med Høgre i staden for Arbeidarpartiet, fordi Arbeidarpartiet ikkje kunne tilby Følling like mykje i lønn.
Følling sjølv avviser derimot at pengar har vore ei drivkraft for henne og Senterpartiet.
– Dette handlar ikkje om meg, men om at ein skal ha to politiske leiarar som jobbar for interessene for Sunnfjord. Dette handlar om politisk kraft, seier ho.
Sunnfjord er sett saman av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal og vil liggje i nye Vestland fylke.

Publisert: 13.09.2019 11:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32