Møre og Romsdal fylkeskommune løyver éin million kroner til eit prosjekt som skal utvikle teknologi for reinsing og gjenbruk av salt og saltlake frå produksjon av salt- og klippfisk, ifølgje ei melding frå fylkeskommunen.
Det var kompetanse- og næringsutvalet som løyvde midlane under sitt møte måndag denne veka.
Prosjektet er kalla Farbar og er leia av ScanProd, Filtra, Mesta og Sintef Nordvest.
Dei vil utvikle nye verdikjeder og industrielle symbiosar for gjenbruk av saltet, og dermed redusere importen av salt og dermed karbonfotavtrykket.
I prosjektet skal det mellom anna arbeidast med å kartleggje kor store volum salt og saltlake som er tilgjengelege. Ein skal arbeide med teknologiske og berekraftige løysingar for å felle ut saltet og lagre det som fast stoff. Ein vil også undersøkje moglegheiter for gjenbruk av salt i andre industriar og om nye felles sirkulære verdikjeder kan etablerast i samarbeid mellom aktørane.
Pengane kjem frå Skaparkraft-programmet til fylkeskommunen, og er avgrensa til halvparten av kostnadene ved prosjektet.
Publisert: 13.11.2024 11:46
Sist oppdatert: 13.11.2024 13:48