Millionstøtte til Stryn næringshage
Vestland fylkeskommune deler ut pengar.
Vestland fylkeskommune tek opp seks inkubatorar og fire næringshagar til ein ny programperiode. VIS, Industriutvikling Vest og Stryn næringshage er blant dei heldige som får millionbeløp i støtte.
– Me håpar midlane skal vere eit godt grunnlag for arbeidet, med å skape vekst i næringslivet i heile fylket. Nivået i søknadene som har komme inn har vore godt. Me er stolte av å seie at søknaden frå VIS var den søknaden i landet som fekk aller best score, seier Tor André Ljosland, leiar for hovudutval for næring.
Det overordna målet for Vestland er at alle aktivitetar til næringshagar og inkubatorar skal dekke heile fylket. Ønsket er at det skal vere godt samarbeid mellom deltakarane i programma i fylket.
Inkubasjonsprogrammet skal mellom anna bidra til å auke nasjonal verdiskaping, gjennom å utløyse vekst i etablerte bedrifter og få fram nye vekstbedrifter. Målet med næringshageprogrammet er å auke verdiskapinga basert på regionale fortrinn.
Fylkeskommunen er overtydd om at det er behov for to prosjekt for å sikre ei god dekning av næringshagetilbod. Vestland går derfor i dialog med Siva om moglegheiter for prosjekt i Sunnfjord-regionen, Hardanger og Voss mellom anna.
Publisert: 18.11.2022 12:43
Sist oppdatert: 18.11.2022 12:45