Kort fortalt

Milliontilskot til landbruksprosjekt

Vil styrke økologisk landbruk.

NPK
27.10.2022

(NPK): Norsk landbruksrådgiving Nordvest får eit tilskot på inntil ein million kroner til prosjektet Utvikling av økologisk landbruk i Møre og Romsdal.

Dette er klart etter eit samrøystes vedtak i kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vedtaket er i tråd med innstillinga til fylkeskommunedirektøren.

Prosjektet Utvikling av økologisk landbruk i Møre og Romsdal skal vere med på å styrkje jordbruket i heile fylket, pluss bidra til nyttig kompetanseheving, nettverksbygging og erfaringsdeling innan- og mellom ulike produksjonar.

I prosjektet er det lagt inn tiltak som har overføringsverdi til konvensjonell produksjon, til dømes tiltak som skal støtte opp om auka produksjon av frukt og grønt generelt, og tiltak som går på jordhelse, kompostering og dyrevelferd.

Norsk landbruksrådgiving Nordvest er prosjekteigar og søkjar, og dei jobbar tett med fleire organisasjonar. Til prosjektet har også Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samla ei gruppe med mange aktørar innan landbruket med interesse for økologisk matproduksjon.

I Møre og Romsdal er tre prosent av landbruksarealet i økologisk drift, fordelt på 99 verksemder. Landsgjennomsnittet ligg på 4,3 prosent av arealet.

(©NPK)

Publisert: 27.10.2022 10:09

Sist oppdatert: 27.10.2022 10:11

Mer om