NPK: Havfisketurismen bidrog med 452 millionar kroner i verdiskaping på eitt år, går det fram av ein ny analyse frå Senter for hav og Arktis ved UiT og Capia AS.
Analysen, som tok for seg bedrifter med offentlege rekneskap og registrert fangst i havfisketurisme frå 2023, viser at omsetnaden låg på over 1 milliard kroner. Det reelle bidraget til lokalsamfunna kan vere endå større, då analysen ikkje inkluderer ringverknader , skriv NRK.
Tal frå 2025 viser at over 2100 personar er tilsette i havfisketurismebedrifter, med Nordland, Troms og Vestland som dei største arbeidsgivarane i sektoren. Trass i den økonomiske suksessen, står næringa overfor utfordringar knytt til tryggleik, noko som blei understreka av fleire tragiske drukningsulykker i mai.
Publisert: 06.06.2025 11:22
Sist oppdatert: 06.06.2025 11:22





