Kort fortalt

Mindre frakt på utanlandske bilar

Svenske og polske bilar frakta mest.

11.10.2019
NPK: Dei utanlandske lastebilane frakta 12 millionar av 268,5 millionar tonn i og til og frå Noreg i fjor. Det er ein nedgang på 8,8 prosent.
I alt gjekk frakt av gods med lastebil opp 0,3 prosent frå 2017 til 2018. Norske lastebilar frakta om lag 256,4 millionar tonn gods til og frå Noreg. Av all innanlands og utanlands godstransport utgjorde dei utanlandske lastebilane sin del berre 4,5 prosent i 2018, skriv .
Svenska lastebilar frakta 3,1 millionar tonn gods på turane til Noreg i 2018, medan dei polske hadde med seg 2,5 millionar tonn gods. Latviske bilar frakta 1,3 millionar tonn gods til Noreg i fjor.

Publisert: 11.10.2019 12:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32