Kort fortalt

Kvotekutt for torsk, hyse og blåkveite

NPK
15.06.2021

(NPK): Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at torskekvoten i Barentshavet for 2022 blir redusert med 177.120 tonn. I tillegg går dei inn for at kvotane for både hyse og blåkveite blir reduserte neste år.

– Kvoterådet for 2022 er 708.480 tonn, som er ein nedgang på 20 prosent frå årets torskekvote på 885.600 tonn, seier havforskar Bjarte Bogstad i ei pressemelding. Han er Noregs representant i den rådgjevande komiteen til ICES og bestandsansvarleg for torsk ved Havforskingsinstituttet.

Grunnen til den kraftige nedgangen er at bestandsnivået er nedjustert frå i fjor for dei fleste årsklassene som er inne i fisket.

Bogstad opplyser at ICES tilrår endringar i kvotane for fleire av dei andre fiskeartane nord for Stad, det vil seie nord for 62. breiddegrad.

– ICES tilrår at hysekvoten blir redusert til 180.003 tonn, medan årets kvote er på 232.537 tonn, seier han.

For blåkveite blir det tilrådd ein kvote på 19.094 tonn for 2022 og 18.494 tonn for 2023. Dette er ein god del lågare enn fjorårets råd på 23.000 tonn og fastsett kvote på 27.000 tonn.

For sei er rådet på 197.212 tonn, og er så godt som uendra frå i fjor med ein nedgang på 0,3 prosent.

For området mellom 62° og 67°N er rådet 7.613 tonn kysttorsk. For området nord for 67°N tilrår ICES at det ikkje blir fiska kysttorsk i 2022, og at det blir utarbeidd ein gjenoppbyggingsplan for bestanden.

(©NPK)

Publisert: 15.06.2021 15:31

Sist oppdatert: 15.06.2021 16:33

Mer om