NPK: Lakselusnivåa i oppdrettsanlegga har dei fem første månadene i år vore lågare og behandlingstiltaka færre enn i same perioden i fjor. På Vestlandet har likevel både vill-laks og sjøaure likevel vore mykje plaga av fiskeparasitten i vår, ifølgje Mattilsynet.
Samanlikna med i fjor er det færre oppdrettsanlegg som har hatt lusenivå over dei tillatne grensene. Unntaka er ein del stamfiskanlegg, som har løyve til å liggje over grensa, og som har relativt få fisk i merdane, fortel Mattilsynet i ei pressemelding.
I seks veker om våren blir maksimalgrensene for førekomst av lakselus i oppdrettsanlegga stramma inn, slik at lusepresset skal vere minst mogleg når den ville laksesmolten vandrar ut i havet. Grensa er da 0,2 vaksne holus per fisk, mot 0,5 elles i året.
– Det ser ut som om oppdrettarane i større grad enn i fjor har halde kravet om lågare lusegrenser om våren, sjølv om det var ein del anlegg på vestlandskysten som hadde vanskar, seier sjømatdirektør Elisabeth Wilmann i Mattilsynet.
Samla fall talet på mekaniske behandlingar mot lus frå 534 til 415 dei fem første månadene av året. Midt-Noreg stod likevel for det meste av nedgangen med ein reduksjon på 100 til 58 mekaniske behandlingar.
Likevel var det mange tilfelle av skadar på fisken, særleg i Sør-Noreg.
– God fiskevelferd er mogleg når ein tar omsyn til tilstanden fisken er i, og nyttar dei mekaniske metodane rett. Stadig fleire får det til, men vi ser at det framleis er for mange som ikkje behandlar fisken skånsamt nok, utset han for mange mekaniske behandlingar på kort tid eller behandlar sjuk fisk, seier Wilmann.
Åtte oppdrettsanlegg i Nordland har denne våren fått varsel om redusert produksjon på grunn av luseførekomst over dei lovlege nivåa. Eitt anlegg i Sogn og Fjordane har òg fått forlengd eit vedtak om redusert produksjon med to år.
Til saman fjorten oppdrettsanlegg har no pålegg om redusert produksjon for å redusere spreiinga av lakselus. I alt 28 anlegg er tilbake til normal produksjon etter før å ha hatt pålegg om redusert produksjon ein periode.
Mens det samla sett har vore mindre lus i oppdrettsanlegga i vinter og vår, har det vore mykje lakselus på både vill-laks og sjøaure langs kysten frå Rogaland til Sunnmøre. Det viser dei førebelse resultata frå overvakinga Havforskingsinstituttet driv på lakselus hos vill-laks.
Nord for Sunnmøre har det derimot vore lite lus å finne på vill-laksen.

Publisert: 19.06.2018 20:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38