Kort fortalt

Mindre rømt oppdrettsfisk i elvane

Lågaste talet sidan 2015.

NPK
18.05.2022
(NPK): Gjennom målretta tiltak over fleire år er innslag av rømt oppdrettslaks i laksevassdrag over heile landet redusert.


Sidan oppstarten av Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO) i 2015 har det ikkje vore registrert så låge innslag av rømt oppdrettslaks i elvane som i fjor, skriv iLaks.no.

– OURO har fått resultata frå uttak av rømt oppdrettsfisk i elv og sjø for hausten 2021. Vi er fornøgde med utviklinga, seier Ingrid Lundamo, styreleiar i OURO, i ei melding til iLaks.no.

I Det nasjonale overvakingsprogrammet for rømt oppdrettsfisk for 2020, blei det kartlagd innslag av rømt oppdrettslaks i 218 vassdrag. Av desse valde OURO ut 31 elvar for utfisking. Det blei teke ut rømt oppdrettslaks i 22 av elvane. I 7 av elvane blei det ikkje observert rømt laks hausten 2021.

OURO sine undersøkingar viser at delen rømt oppdrettslaks etter uttak blei redusert til under fire prosent i 19 av 22 elvar.

(©NPK)

Publisert: 18.05.2022 10:46

Sist oppdatert: 18.05.2022 10:49

Mer om