Kort fortalt

Mindre statsstøtte til selfangarar

Klarde ikkje fangstmålet.

17.08.2018
NPK: Dei to selfangstskutene Kvitungen og Ottar klarte ikkje fangstmålet på 3.000 dyr kvar. Dermed får dei heller ikkje utbetalt heile det avsette statstilskotet på 2,5 millionar kroner.
Mens Ottar har landa 2.241 dyr, har Kvitungen tatt 2.680. Tilskota blir dermed avpassa etter fangsten, skriv .
Årsaka til den dårlege fangsten er vanskelege vind- og isforhold i Austisen og Vestisen.
Sjølv om fangsten ikkje vart like bra som venta, trur Ottar-reiar Karl Magnus Pettersen at rekneskapen likevel skal gå i pluss.
– Vi har opparbeidd oss ein marknad som er villig til å betale. Det gjeld ikkje bere olja, men òg kjøttet og skinnet. Framover ser vi òg moglegheiter til å selje til Kina. Eg meiner vi har knekt koden, det er i alle fall ikkje noko problem å bli kvitt produkta, seier Pettersen til avisa.
Statstilskotet til selfangsten er meint å skape størst mogleg verdiar frå selprodukta og er retta mot både mottak og reiarlag. Dei to siste åra har støtta gått til Bjørne Kvernmo og selskuta Havsel frå Alta, men blir i år delt mellom dei to reiarlaga frå Tromsø.

Publisert: 17.08.2018 15:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37