Kort fortalt

Mindre støtte ved kjøp av elvarebil

Enova reduserer støttesatsen.

NPK
23.04.2021

Talet på nyregistrerte elvarebilar har skote i vêret sidan nyttår. No justerer Enova ned støttesatsen frå 40 til 30 prosent.

Frå ein støttesats på 40 prosent av meirkostnadene i dag, blir det frå 19. mai ein støttesats på 30 prosent, opplyser Enova i ei pressemelding. Dei som søkjer støtte før 19. mai, får støtte etter dagens støttesats.

– Vi ser at det har komme fleire bilmodellar på marknaden og at denne biltypen er i ferd med å bli det føretrekte valet. Då har støtteordningane våre verka på riktig måte og vi kan derfor ta ned støttesatsane noko, seier marknadssjef for transport Gunnel Fottland i Enova.

Enova held likevel oppe maksstøtta på 50.000 kroner til kjøp av elvarebil. Samtidig blir støtta vidareført til ladarar.

Sidan næringslivsstøtta til innkjøp av elvarebilar vart lansert i august 2019 har det vorte gitt støtte til over 20.000 bilar. Så langt i 2021 har delen nyregistrerte elvarebilar vore 20,6 prosent i januar, 15,7 prosent i februar og 18 prosent i mars.

Publisert: 23.04.2021 08:18

Sist oppdatert: 23.04.2021 08:19