Eid
NORDFJORDEID: Minibakeriet gjekk på ein liten smell i fjor, trass god omsetning: Foto: Minibakeriet
Kort fortalt

Minibakeriet får god hjelp

Nordfjord-selskapet med bakar frå California.

15.05.2023

Minibakeriet i gågata på Nordfjordeid vart starta opp i 2015 av Leon Knapskog. Sjølv om selskapet i fjor hadde sitt nest beste omsetningsår, vart resultatet før skatt minus 106.000 kroner.

Men no får bakeriet god hjelp, opplyser selskapet på Facebook. I slutten av mai kjem nemleg ein pizzabakar frå California, som har arbeidd for Chris Bianco, som vert omtala som ein av dei beste pizzakokkane i verda. Han har blant anna ein episode av ‘Chefs Table’ dedikert til seg og pizzarestauranten sin.

Selskapet har eige lokalmatkonsept, har 0,5 millionar kroner i eigenkapital, og null i langsiktig gjeld.

I fjor sysselsette Minibakeriet fire årsverk.

Minibakeriet
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 5 5,3
Driftsresultat -0,1 0,1
Resultat før skatt -0,1 0,09

Publisert: 15.05.2023 14:57

Sist oppdatert: 15.05.2023 14:57

Mer om