Ministermøte om skipstunnelen
Fiskeriministeren møtte partifeller.
NPK: Skipstunnelen på Stad er sett på vent av regjeringa, det gjer fleire urolege, meiner lokale politikarar frå Arbeidarpartiet.
Representantar frå Arbeidarpartiet på Stad har møtt fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) for å fortelje kor viktig Stad skipstunnel er for kysten, skriv NRK Møre og Romsdal.
Skipstunnelen har blitt sett på vent av regjeringa på grunn av kraftig prisauke i samband med revidert nasjonalbudsjett i mai. Det har òg blitt varsla ny gjennomgang av prosjektet.
– Mange er urolege for at tunnelen skal bli utsett på ubestemt tid, og difor var dette møtet viktig, seier ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Stad, Judith Kvåle.
Publisert: 20.06.2023 10:28
Sist oppdatert: 28.06.2023 08:12