Kort fortalt

Minst 25 smitta i Ulstein

Smitteutbrot ved verft.

Marius Rosbach
15.10.2021

Ulstein kommune har den siste veka meldt om 25 smittetilfelle, ifølgje ei oversikt på nettsida deira.

Dei fleste er knytt til eit utbrot i verftsindustrien, men det er ikkje opplyst kva verft det gjeld. Det gjeld både gjestearbeidarar, mannskap og tre personar busett i lokalmiljøet.

Laurdag blei det først meldt om 12 tilfelle. I løpet av veka er det meldt inn fleire, men desse har allereie vore i isolasjon.

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde oppmodar uvaksinerte om å ta i mot tilbod om koronavaksine.

– Vi vaksinerer både eigne innbyggjarar, gjestearbeidarar og andre som oppheld seg i kommunen. Neste vaksinasjonsdag er onsdag 20. oktober og vi har då ledige dosar. Vaksineringa finn stad ved helsestasjonen på Reiten og vi tilbyr berre Pfeizer-vaksine, seier ho i ei melding frå Ulstein kommune.

Publisert: 15.10.2021 13:34

Sist oppdatert: 15.10.2021 13:36

Mer om