Kort fortalt
Mislukka mekling om næringsområde
Maraton-rettsak om utbyggingskostnad i vente.
25.10.2023
Ørsta kommune og entreprenørselskapet Romarheim Entreprenør har mislukkast i å bli samde om oppgjer for utbygging av Melsgjerdet næringsområde i Ørsta, ifølgje ei pressemelding frå kommunen.
Striden gjeld ei tilleggsrekning på 17 millionar kroner, som kommunen ikkje vil betale, ifølgje Møre-Nytt. Det gjorde at entreprenørselskapet gjekk til sak.
Partane har gjennomført rettsmekling både 15. og 16. mars og 17. og 18. oktober i år, men utan å bli samde, heiter det i pressemeldinga.
Møre og Romsdal tingrett har sett av sju veker til saka i januar og februar 2024.
Publisert: 25.10.2023 16:09
Sist oppdatert: 25.10.2023 17:33