NPK: Det er mistanke om at eit oppdrettsanlegg som blir drive av Nordfjord forsøksstasjon AS i Bakjestranda i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane kan vera ramma av fiskesjukdommen infeksiøs lakseanemi (ILA).
Det opplyser som har blitt tipsa om mistanken av fiskehelsetenesta. Matilsynet har no sendt prøvar til Veterinærinstituttet for eventuelt å få stadfesta diagnosen.
For å hindra eventuell smitte er det innført restriksjonar for anlegget. Mellom anna er det ikkje lov å flytta fisk utan særskilt løyve. Alle som ferdast i området og driv aktivitet knytt til fiskeoppdrett blir også bedne om å visa nødvendig aktsemd slik at ein unngår eventuell spreiing av sjukdommen.
Dersom mistanken blir stadfesta vil Mattilsynet krevja at anlegget blir tømt for fisk. Det vil også bli oppretta eit kontrollområde for å førebyggja, avgrensa og hindra spreiing av fiskesjukdommen.

Publisert: 03.05.2018 18:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39