Kort fortalt

Mistanke om sjukdom i oppdrettsanlegg

Mattilsynet fryktar spreiing.

17.04.2019
NPK: Det er mistanke om sjukdommen infeksiøs lakseanemi (ILA) ved eit oppdrettsanlegg i Aukra kommune.
Det er Mowi som driv anlegget. Dei varsla sjølv Mattilsynet om mistanke om ILA etter at viruset blei påvist i ei rutineprøve 15. april, skriv .
Mattilsynet ber alle i området som driv aktivitet knytt til fiskeoppdrett om å ta omsyn for å hindre spreiinga av ein eventuell sjukdom.
Dersom diagnosen blir stadfesta vil anlegget bli tømt, og Mattilsynet vil opprette eit kontrollområde for å førebyggje, avgrense og hindre spreiing av fiskesjukdommen.

Publisert: 17.04.2019 09:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35