NPK-NTB: Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) lempar på førarkortreglane for sesongarbeidarar som kjem frå land utanfor EØS-området.
Tidlegare har utanlandske sesongarbeidarar fått jobbe i Noreg i seks månader, men berre hatt lov til å køyre i tre av dei. Det er no endra, skriv .
– Dette gjer det mykje enklare for dei som ønsker å komme til Noreg og bidra med arbeidsinnsats i ein periode der vi treng høgare kapasitet enn vi gjer elles, seier Dale.
Dei nye reglane allmenngjer eit unntak frå tremånadersregelen som hittil berre gjaldt tilsette på sirkus og tivoli. Allmenngjeringa gjeld likevel berre dei med arbeidsløyve.
– Kjem ein til Noreg frå utanfor EØS-området, må ein kunne vise at ein skal jobbe viss ein skal ha fleire privilegium enn ein normalt ville hatt utanfor EØS. Dette er ein måte å komme til møtes dei som kjem hit for å jobbe, seier Dale.

Publisert: 21.06.2019 11:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34