(NPK): Vestlandsrådet samlar i april byar og kommunar, politikarar, næringsliv og fagmiljø til ein mobiliseringskonferanse for å få E39 Vestlandsvegen inn i Nasjonal transportplan for 2029–2040.
– No handlar det om å samle Vestlandet for å få på plass raskare og betre gjennomgåande kommunikasjon i landsdelen. Skal vi få gjennomslag i Nasjonal transportplan (NTP) må vi klare å samle oss, elles forsvinn endå meir av NTP-pengane til jernbaneutbygging austafjells, seier fylkesordførar Jon Askeland, leiar av Vestlandsrådet, i ei pressemelding.
På konferansen 15. april blir det lagt fram ein fersk rapport med eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for prioritering og satsing på utbygging av E39 Vestlandsvegen. Tenkjetanken Initiativ Vest vil også presentere ein alternativ utbyggings- og finansieringsstrategi for vegstrekninga.
– Dette er eit gjennomgåande samferdselsprosjekt som vil knyte Vestlandet tettare saman som bu- og arbeidsmarknad. Landsdelen blir meir attraktiv og konkurransekrafta vår vert styrkt, seier Askeland vidare.
Konferansen samlar også stortingspolitikarar frå Vestlandet, kommunar, regionråd og næringsliv. Vestlandsrådet er eit samarbeidsorgan mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
(©NPK)
Publisert: 23.03.2026 13:25
Sist oppdatert: 23.03.2026 13:25






