Kort fortalt

Moderat med lus i Romsdalsfjorden

Stor variasjon i lakselus.

NPK
10.01.2022

Teljingane av lakselus på vill laksefisk viser at det også i fjor var stor variasjon i lusepåslag på utvandrande laks.

Det var i 2021 lite lus i Boknafjorden, mykje i Hardanger- og Sognefjorden, moderat i Romsdalsfjorden og lite i Trondheimsfjorden, melder Mattilsynet.

Samanlikna med 2020 er det ei klar forbetring i Boknafjorden, medan Hardanger-, Sogn- og Romsdalsfjorden hadde meir lus enn i 2020. Trondheimsfjorden er på linje med tidlegare år. Det vart ikkje tråla i Altafjorden.

Kartlegginga er gjennomført av Havforskningsinstituttet på oppdrag frå Mattilsynet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Publisert: 10.01.2022 11:43

Sist oppdatert: 10.01.2022 11:44

Mer om