Kort fortalt

Mogleg rekordfunn i Nordsjøen

DNO melder om stort gassfunn.

NPK
10.07.2023

(NPK): Olje- og gasselskapet DNO melder om eit kjempefunn i Carmen-prospektet i Nordsjøen. Gassfunnet kan vere det største på norsk sokkel sidan 2013.

Funnet kan innehalde gass tilsvarande mellom 120 og 230 millionar fat olje, skriv selskapet i ei børsmelding måndag ettermiddag. Viss funne viser seg å vere 175 millionar oljeekvivalentar, er Carmen det største funne på norsk sokkel sidan 2013.

– Carmen beviser at det framleis er viktige funn å gjere, seier administrerande direktør Bijan Mossavar-Rahmani i DNO.

Prospektet ligg i Troll-Gjøa-området i Nordsjøen. Carmen er DNOs sjette funn i området sidan 2021 og ligg nær eksisterande infrastruktur.

DNO har ein eigardel på 30 prosent i Carmen-prospektet. Wellesley Petroleum har 50 prosent, medan Equinor og Aker BP har 10 prosent kvar.

(©NPK)

Publisert: 10.07.2023 16:16

Sist oppdatert: 10.07.2023 16:16

Mer om