Møre og Romsdal tingrett har onsdag opna konkurs i selskapet Innvest Montasje i Hareid.
Selskapet som blei registrert i Brønnøysundregistera i november i fjor, melde sjølv oppbod.
Ifølgje rettspapira er gjelda på kring 19,3 millionar kroner. Verdiane er anslått til knappe 14,5 millionar.
Verksemda var i gang på konkurstidspunktet og hadde 50 tilsette.
Dei har mellom anna levert tenester til entreprenørar innan betong og stålmontasje, opplyser selskapet på si Facebook-side. Her kjem det også fram at dei har hatt oppdrag på det nye sjukehuset på Hjelset og den nye tribuna til Hareid IL.
2023 som er det eine året selskapet har levert rekneskap for, viser null i inntekt og eit driftsresultat på minus 191.000 kroner.
Det lokale selskapet Elementmontering eigde 60 prosent av selskapet, medan Hedmark Elementmontasje i Ådalsbruk eigde resten av aksjane.
Bustyrar i saka er Cathrine Myre Skram og første skiftesamling er 25. november.
Publisert: 16.10.2024 10:33
Sist oppdatert: 16.10.2024 13:13