Kort fortalt

Mot fem milliardar

Ny vekst for Hofseth International

08.08.2022

I 2014 passerte Hofseth International-konsernet milliarden i driftsinntekter for første gang.

No nærmar konsernet seg fem milliardar etter eit nytt år med vekst i driftsinntektene (sjå tabell).

Store finansinntekter i 2020 samalnlikna med i fjor er den viktigaste forklaringa på skilnaden i resultat før skatt frå 2020 til 2021.

Hofseth International driv med fiskeforelding og oppdrett og omfattar mellom anna foredlingsverksemd i Syvde, på Valderøya og i Ålesund, oppdrettselskapet Hofseth Aqua og salsselskap for eksport til Nord-Amerika, Asia og Europa.

A-aksjane i selskapet - som gir stemmerett - er eigd 45,3 prosent av RH Industri og 15,7 prosent av RH Investments. Dagleg leiar Roger Hofseth i Hofseth Intgernational eig dei to selskapa.

Japanske Yokohama Reito eig 14 prosent av A-aksjane.

Hofseth International as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt4678,54334,6
Driftsresultat 213,4183,9
Resultat før skatt69,7362,3

Publisert: 08.08.2022 15:25

Sist oppdatert: 08.08.2022 15:42