Kort fortalt

Mot stortingsplass for Frank Sve

Frp størst i Møre og Romsdal.

NPK
10.09.2021

På NRKs siste partimåling er Framstegspartiet det største partiet i Møre og Romsdal.

– Det er gledeleg med framgang, men vi skal stå på til siste slutt. For dette valet er utruleg viktig, seier Sylvi Listhaug, partileiar i Frp og førstekandidat i Møre og Romsdal til NRK.

Frp-leiaren er på sikker stortingsplass. Også den rutinerte lokal- og fylkespolitikaren frå Sunnmøre, Frank Sve, kan få jobbadresse på Stortinget med sin andreplass på lista. I Møre og Romsdal har partiet 19,1 prosent oppslutnad og går fram 2,2 prosentpoeng i høve til augustmålinga.

På den ferske supermålinga er Frp størst i Møre og Romsdal, men går også fram i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Trenden er den same også nordover langs kysten, men unnatak av Nordland.

Dei største partia i Møre og Romsdal er elles Arbeidarpartiet med ein oppslutnad på 18,7 prosent, Senterpartiet med 17,8 prosent og Høgre med 15,2 prosent. Sp er det partiet som går mest tilbake sidan førre måling med 6,3 prosentpoeng.

Av parti som går fram i fylket i tillegg til Frp er SV, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne.

Publisert: 10.09.2021 10:34

Sist oppdatert: 10.09.2021 10:38