NPK: Fiskeridirektoratet har mistanke om at store mengder lukrativ kongekrabbe blir omsett svart, ifølgje NRK.
Kongekrabben er lett å fiske, eksklusiv og svært etterspurd. Derfor trur Fiskeridirektoratet at det blir tatt opp mykje meir av han enn kvoten på 1.850 tonn, og at ein heil del blir seld på svartebørs. Kor mykje er uvisst, men bransjeorganisasjonen Sjømat Norge har anslått at det kan dreie seg om fleire hundre tonn.
– Kongekrabbe er ein av dei mest lukrative varene vi har. Når han i større byar blir seld for opptil 1.000 kroner per kilo og vel så det, ja, da er det klart at dette òg er lønnsame varer å selje svart, seier seniorrådgivar Ton-Ola Rudi i Fiskeridirektoratet til .
Rudi fryktar at omfanget er så stort at det kan gå ut over bestanden av kongekrabbe og dermed øydeleggje for dei 660 fartøya som i år er med på det lovlege kvotefisket etter superkrabben.
Framandarten kongekrabbe høyrer eigentleg heime i Stillehavet og vart sett ut i Barentshavet av russiske forskarar på 1960-talet. Sidan har han spreidd seg over store delar av det sørlege Barentshavet og har vorte ein viktig fiskeressurs i Aust-Finnmark.
I Artsdatabanken er kongekrabbe ført opp som ein høgrisikoart.

Publisert: 13.08.2018 11:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38