Mykje kveite på rømmen
Oppdaga for få veker sidan.
(NPK-NTB): Over 11.000 kveiter er på rømmen frå eit oppdrettsanlegg i Hustadvika i Møre og Romsdal, viser ei oppteljing. Rømminga vart oppdaga tidlegare i juli.
Det økonomiske tapet for kveiteoppdrettaren Nordic Halibut er på 3–4 millionar kroner, melder IntraFish.
– Rømming av oppdrettskveite er sjeldan. I tillegg er fisken av lokal natur, og har ein tendens til å halde seg rundt området. Dette mogleggjer effektiv gjenfangst og minimerer risiko for negativ miljøpåverknad, seier administrerande direktør i Nordic Halibut, Edvard Henden, i ei børsmelding onsdag.
Det var totalt 14.000 kveiter ved anlegget. Rømminga vart oppdaga 4. juli, då selskapet fann ei rift i nóta ved anlegget. Fiskeridirektoratet har tidlegare meldt at 946 fiskar har vorte gjenfanga.
Publisert: 21.07.2022 08:20
Sist oppdatert: 21.07.2022 08:40