Kort fortalt

Mykje tapt fiskereiskap i Svalbardsona

Fjerna 1.200 snøkrabbeteiner.

30.09.2019
NPK: Fiskeridirektoratet har nyleg avslutta det nordlegaste oppreinskingstoktet gjennom tidene for å hindre spøkelsesfiske og redusere marin forsøpling. Den totale fangsten er ein av dei største sidan ein byrja med slik type innsamling.
I det fem veker lange toktet vart det reinska opp i Svalbardsona og mot 77 grader nord. Det var 2.200 kilometer mellom den sørlegaste og nordlegaste stasjonen.
– Under gode arbeidsforhold blei det i Svalbardsona fjerna 1.200 snøkrabbeteiner og 50 kilometer med tau frå havbotnen, fortel toktleiar Gjermund Langedal ved Fiskeridirektoratets utviklingsseksjon på nettsida til
På fiskefelta langs kysten er fangsten blant anna over 800 garn, noko som er ganske likt tidlegare år.
Av omsyn til «spøkelsesfiske» har garn og teiner høgast prioritet i oppreinskingstoktet, men det er også er tatt opp store mengder av andre fiskereiskapar.
Det er fjerna over 800 garn eller cirka 25 kilometer med garn, 1.242 teiner, 57.000 meter tauverk, 24.000 meter line og 800 meter vaier. Vidare blei det også fjerna ein reketrål, delar av ein kvitfisktrål, to snurrevadar og ein merd. I tillegg er det fjerna mindre komponentar av fiskereiskapar som i sum utgjer fleire containerar.

Publisert: 30.09.2019 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32