Myklebust Verft i Sande har tilsett Frode Holm som ny teknisk sjef.
Holm skal leie ei ny-oppretta teknisk avdeling ved verftet og vert også ein sentral ressurs i verftet si toppleiing.
Han kjem frå ei leiarstilling i DNV GL der han hadde ansvaret for nybygg-aktiviteten i Noreg. Frode Holm er busett i Ulsteinvik, er 54 år, gift og har to vaksne barn.
- Vi er stolte over få få ein slik kapasitet med på laget, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft.
- Frode har jobba i den maritime næringa i heile sitt liv, både i ulike posisjonar på verft og ikkje minst siste 21 åra i DNV GL-systemet. Han vil bli ei solid støtte for vår organisasjon både innan nybygg og ettermarknaden, seier Hide.
Holm er utdanna sivilingeniør (skip) frå Trondheim og Glasgow. Den nye tekniske avdelinga ved verftet har i dag 9 tilsette. Herunder ligg også ansvar for teknisk oppfølging av skrogbygging i Tyrkia.

Publisert: 03.09.2019 11:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32