NPK: Fleirtalet på Stortinget har stemt for eit forbod mot nydyrking av myr. I Møre og Romsdal påverkar dette nesten alle bønder.
Fleire bønder i Møre og Romsdal har store areal med myr rundt garden, men får ikkje nydyrke grunna eit forbod frå Stortinget, skriv . Bøndene sender ofte dyra på fjellbeite, men ein auke i rovdyrangrep fører til at store tap. Forbodet hindrar utvikling, meiner bonde Hilmar Kleppe.
– Vi tenkte at oppdyrking av myr kunne vere ei moglegheit dersom vi ikkje får slutt på rovdyrangrepa. Myrforbodet vil stoppe vekstmoglegheitene, seier Kleppe.
Organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag, Arnar Lyche, meiner forbodet har store konsekvensar for landbruket i regionen.
– Det påverkar nesten kvar einaste bonde i fylket. Jo lenger ut mot kysten du kjem, desto verre er det. Dersom ein går i utmarka her og ser på kartdata over kva som er kvalifisert som myr, tek det nesten alle dyrkingsmoglegheitene dine, seier han.
Tal frå viser at menneskeskapte utslepp frå myr svarar til om lag 3,5 tonn CO2-ekvivalentar per dekar.

Publisert: 04.10.2019 09:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32