NPK: Kommunar og fylkeskommunar må få ei meir sentral rolle i vindkraftsaker enn det Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lagt opp til i framlegget til nasjonal ramme for vindkraft på land, meiner KS.
– Kommunane må kunne seie ja eller nei til aktuelle vindkraftprosjekt, seier styreleiar Gunn-Mari Helgesen i kommuneorganisasjonen KS.
Ei eiga utgreiing som NIBR Oslomet har gjort på oppdrag frå KS, viser at berre seks fylkeskommunar har laga regionale vindkraftplanar. Desse er likevel i liten grad tatt omsyn til i forslaget til nasjonal ramme. Helgesen meiner at heile systemet for tildeling av vindkraftkonsesjonar no må vurderast meir grunnleggjande.
– Energilova, konsesjonsprosessen, utbyggingsplanlegginga og framlegget til nasjonal ramme for vindkraft på land gir ikkje grunnlag for eit godt system for å vareta lokalbefolkning og behova i kommunesektoren i vindkraftsaker. Lovverket må endrast slik at kommunane og fylkeskommunane får ei sentral rolle i saksbehandlinga, seier Helgesen i ei .
KS legg fram rapporten under eit om vindkraft på land i Oslo torsdag denne veka.

Publisert: 20.08.2019 14:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33