Kort fortalt

Måløyraidsenteret redda

Får 3,3 millionar med Kinn kommune.

07.11.2019
NPK: Måløyraidsenteret i Nordfjord er sikra vidare drift etter at Kinn kommunestyre har vedteke å bidra med 3,3 millionar kroner.
Tidlegare i haust sa formannskapet i Kinn nei til å løyve dei 8,9 millionane det krigshistoriske senteret i Vågsøy trong for å berge drifta, skriv NRK.
Onsdag sa eit fleirtal i kommunestyret ja til å gi senteret ei støtte på 3,3 millionar kroner.
Måløyraidsenteret viser historia til Måløyraidet og krigshelten Martin Linge, og blei opna hausten 2018. Ikkje mange månadene etter fekk senteret store økonomiske utfordringar.
No er styreleiar Norvall Bakke letta etter avgjerda i kommunestyret.
– Dette betyr at vi kan få løyst den akutte økonomiske situasjonen og kome oss vidare, seier han til .

Publisert: 07.11.2019 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32