NPK: Vågsøy kommune overfører 8,9 millionar kroner til Måløyraidsenteret. Det gjer at senteret kan halde fram med drifta.
Det er formannskapen i Vågsøy kommune som har vedteke å løyve pengane, ifølgje Fjordenes Tidende.
Stiftinga Måløyraidsenteret har ei samla gjeld på 9,2 millionar kroner. Parallelt med at kommunen går inn med pengar, vil stiftinga også søkje om ein frivillig akkord med leverandørane.
Senteret blei opna i august 2018 av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit. Måløyraidsenteret er eit opplevingssenter om det allierte angrepet på tyske styrkar i Måløy 27. desember 1941.

Publisert: 02.10.2019 17:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32