Kort fortalt

Møre og Romsdal med i OECD-prosjekt

Skal få opp farten på sirkulær omstilling.

NPK
23.10.2023

I(NPK): OECD og den europeiske kommisjonen CCRI har invitert Møre og Romsdal fylkeskommune med i eit prosjekt for å få opp farten på sirkulær omstilling i Europa.

Ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen deltek dei i eit eksklusivt selskap av europeiske byar og regionar. Samarbeidsprosjektet skal kartleggje korleis Møre og Romsdal står seg i arbeidet med å omstille seg til ein meir sirkulær økonomi, med langvarig bruk, gjenbruk og ombruk av ressursane, pluss reduksjonar av avfall, utslepp og energibruk.

Andre byar og regionar som er med er blant andre Strasbourg, Berlin og Zuid Holland. Målet er å få fram konkrete og praktiske tilrådingar for korleis fylket kan omstille seg i raskare tempo.

– Vi gler oss stort over å bli med i dette samarbeidsprosjektet. Fylkeskommunen har sett seg ambisiøse mål innan sirkulær økonomi, og dette kan vere med på å akselerere arbeidet. Det vil ha stor verdi for heile fylket å få bistand og tilrådingar frå eit viktig internasjonalt fagmiljø med høg kompetansen på området, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

Både EU, nasjonale styresmakter og fylkeskommunen har uttalte mål om å fremje ein meir sirkulær økonomi. I dag reknar ein med at Noreg er 2,4 prosent sirkulært, og Hovdenak seier dei har ambisjonar om å forbetre dette talet.

(©NPK)

Publisert: 23.10.2023 10:37

Sist oppdatert: 23.10.2023 10:37

Mer om