NPK-NTB: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik inviterer alle oppdrettarane som er ramma av dødsalgen, til eit møte for å diskutere situasjonen.
– Målet mitt med møtet er å danne meg eit bilde av korleis den enkelte oppdrettaren er ramma, og å drøfte eventuelle tiltak for å avhjelpe situasjonen, seier Nesvik.
Tidleg i juni var nær 8 millionar laksar registrert døde som følgje av dødsalgane, noko som har ført til tap på fleire hundre millionar kroner for lakseoppdrettarar i Nordland og Troms. Problema byrja i midten av mai og minka i byrjinga av juni.
Nesvik møtte òg fleire av dei ramma lakseoppdrettarane under Lofoten-besøket sitt i slutten av mai. Han lova tiltak som kunne avhjelpe situasjonen, men sa at dei må sjå nærare på detaljane.

Publisert: 17.06.2019 17:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34