Kort fortalt

Nansen Fredssenter inn i laksestrid

Fredssenter skal mekle mellom fiskarar og oppdrettsnæring

NPK
07.06.2022

Fleire lakseelver er i år stengde for fiske fordi villaksen er karakterisert som utryddingstruga. Fiskarar meiner oppdrettsnæringa har skulda, og no er stemninga så betent at Nansen Fredssenter er hyra inn for å skape dialog mellom partane.

– Lakselus frå oppdrett er det store problemet. Anlegga bør lukkast og flyttast på land. Oppdrettsnæringa er stinn av pengar og bør kunne gjere såpass, seier elveeigar og laksefiskar Per Hjermann til NRK.

Seniorrådgjevar Christiane Seehausen ved Nansen fredssenteret fortel at dei brukar ein dialogmetodikk der partane ikkje har lov å argumentere mot kvarandre, berre stille spørsmål.

– På den måten kan partane få betre forståing for kvarandre, og vi skaper tillit, seier ho til NRK.

Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge synest det er positivt med dialog, men er ikkje samde med fiskarane i at oppdrettsnæringa har all skuld i at det no er lite laks i elevane.

Publisert: 07.06.2022 09:52

Sist oppdatert: 07.06.2022 09:53

Mer om