Kort fortalt

Nasjonal cruisekonferanse

Samlar cruiseaktørane i Bergen.

17.10.2019
NPK: Vestlandsrådet skal arrangere ein nasjonal konferanse om cruiseturisme for første gong i Noreg.
Med konferansen ønsker Vestlandsrådet å setje lys på utfordringar knytt til cruiseturismen, mellom anna cruisestrategi, cruisetrafikk, framtidige energiformer og ny hamne- og farvatnslov, står det i ei pressemelding.
Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Rådet skal ha eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet.
Konferansen er eit ledd i oppfølginga av «Cruisestrategi for Vestlandsregionen» som Vestlandsrådet vedtok i 2018. På konferansen blir det deltakarar frå heile landet, både private aktørar, kommunar, fylke og offentlege etatar. Konferansen skal vere 29. oktober på Grand Hotel Terminus i Bergen.

Publisert: 17.10.2019 16:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32