Kort fortalt

Nattklubb frå minus til pluss

Offentleg tilskot berga overskot.

Marius Rosbach
29.08.2022

Restaurantdrift Keiser Wilhelmsgate 23 gjekk med eit overskott i fjor på drygt 400.000 kroner.

Selskapet som driv Bachus Lounge & Club i sentrum av Ålesund har hatt ein knekk i inntektene dei siste åra.

Det første «koronaåret» 2020 enda med underskot, etter inntekter på drygt fire millionar.

I fjor peika inntektene svakt oppover att, og enda på 4,6 millionar. Av dette kom ein dryg million kroner frå kompensasjonsordninga for næringslivet som er råka av pandemien.

Roy Bratseth eig alle aksjane i selskapet som i fjor sysselsette fem årsverk.

Restaurantdrift Keiser Wilhelmsgate 23

Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt

4,6

4,1
Driftsresultat
0,4
-0,4
Resultat før skatt
0,4
-0,4

Publisert: 29.08.2022 13:43

Sist oppdatert: 29.08.2022 13:46

Mer om