Kort fortalt

Naturvernforbundet vil skrote transportplanen

Kritisk til utslepp og nedbygging av natur.

NPK
19.03.2021

(NPK): Naturvernforbundet seier dei går sterkt imot at regjeringa vil bruke enorme summar på leggje natur og matjord under asfalt, auke trafikken og konkurrere ut togtrafikken.

– Regjeringa har tydelegvis gløymt at vi står midt i ei natur- og klimakrise. Denne transportplanen kjem til å binde opp klimagassutslepp og øydeleggje verdfull natur. Planen må skrotast, og regjeringa må kome tilbake med ein ny plan som redusere bil- og flytrafikk, legg til rette for betre tog og kollektivtransport i heile landet, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Ho meiner Hordfast, bruprosjektet mellom Os og Stord og mellom Os og Fusa er eit skrekkeksempel frå Nasjonal transportplan (NTP).

– Bruprosjektet vil gi meir pendling og reising generelt, også inn og ut av byane, og dermed vil det skape meir kø og miljøproblem. Det blir også klimagassutslepp når myr og annan natur blir bygd ned, seier Lundberg.

Ho synest det er trist at regjeringa ikkje heller vil satse på elektriske ferjer og utbetring av dei eksisterande vegane. Ho lovar at Naturvernforbundet vil halde fram kampen mot det ho kallar eit monsterprosjekt.

Lundberg minner også om at statsforvaltaren har omtalt prosjektet som det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid.

Naturvernforbundet krev også stans i planane om ei tredje rullebane på Gardermoen.

<p>(©NPK)</p>

Publisert: 19.03.2021 14:44

Sist oppdatert: 19.03.2021 14:46

Mer om